Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Retting av feil i enkeltrekningar frå tannpleiar

Du kan rette opp feil i rekningar som blir avvist av Helfo.

Avviste rekningar

Har du sendt Helfo ei rekning og fått den avvist på grunn av feil som til dømes

  • feil takst
  • ulovleg takstkombinasjon
  • feil behandlingsdato eller klokkeslett
  • feil diagnose
  • manglande fritak for eigendel
  • eller av ein annan orsak

  • bruk av takstar som ikkje kan kombinerast med vald tilstand
  • bruk av takstar som ikkje kan nyttast i kombinasjon med andre takstar
  • manglande opplysningar på rekningar som gjer at Helfo sitt automatiske kontrollprogram ikkje kan vurdere om rekninga er korrekt

Rekningar med slike feil må du korrigere og sende inn på nytt så snart som mogleg for at pasienten skal få godkjent eigendelen i frikortoppteninga.

Refusjonskravet blir likevel ikkje forelda før det har gått 3 år frå dato på utbetalingsvedtaket.

Du sender inn den korrigerte rekninga så snart som mogleg. Fristen for å sende inn er seks – 6 - månader etter utgangen av den månaden behandlinga di fann stad.Dersom du meiner at ei rekning er avvist av Helfo ved ein feil, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er seks – 6 – veker frå du fekk vedtaket.

Eksempel på avvisningsårsaker

Avvisningsårsak: «Duplikatrekning: Rekninga er allereie innsendt som rekningsnummer xxx»

Forklaring: Helfo sitt kontrollprogram gir beskjed om at du har sett fram refusjonskrav for same pasient og same takstar to gonger i løpet av ei kort tidsperiode, og viser til kva rekning som er identisk. Dette kan skuldast at du ved en feil har skrive rekninga to gonger. Det kan også i nokre tilfelle skje at du faktisk har hatt pasienten inne til eksempelvis konsultasjon for to ulike problemstillingar i løpet av kort tid same dag, men at du har gløymt å endre klokkeslettet for når konsultasjonen fann stad.

Først publisert: 25.04.2019 Sist fagleg oppdatert: 08.01.2021 Sjå tidlegare versjonar