Innhaldet i rekningane gir grunnlag for kontroll før utbetaling, mens anna dokumentasjon kan bli etterspurt i samband med etterkontroll.
Dette må rekninga innehalde
Kvar rekning skal innehalde minst ei diagnose, takstnummer, samt dato og klokkeslett for behandlinga.
I tillegg skal den innehalde pasienten sitt fødselsnummer, D-nummer eller anna eintydig identifikasjon i tråd med EØS-regelverket og avtale med konvensjonsland.
Krav til diagnosekode
Rekninga må innehalde enten sjukdoms- eller symptomdiagnose. Du skal då primært kode ei sjukdomsdiagnose (nummer 70-99) på rekninga. Dersom det ut i frå klinisk vurdering ikkje er mogleg å stille sjukdomsdiagnose, skal du sekundært bruke ei symptomdiagnose (1-29).
På rekninga må du kode dei sjukdommar/symptom/plager som er grunnlaget for takstbruken. Hovuddiagnosen skal stå først.
Du som fysioterapeut skal bruke kodeverk ICPC-2 eller ICPC-2b (berika).
Fødselsnummer eller D-nummer
Rekninga må innehalde fullstendig fødselsnummer eller D-nummer for at eigendelen (for opptening av frikort) raskt og sikkert skal bli registrert på pasienten.
Om pasienten ikkje har 11-sifra fødselsnummer, og du som behandlar har dokumentasjon på at vedkommande har rett til stønad til medisinsk behandling, kan det likevel sendast rekning til Helfo. Du registrerer då pasienten sitt namn, kjønn og fødselsdato i staden for fødselsnummer. Fødselsdato må skrivast i formatet ÅÅÅÅ-MM-DD. Skriv eventuelt merknad i merknadsfeltet med informasjon om kva dokumentasjon som er lagt fram.
Innkrevjing av eigendel
Du må krevje inn eigendelar frå pasienten og refusjonstakst frå Helfo fram til den dagen du får dokumentert at pasienten har fått innvilga frikort. Når pasienten har fått vedtak om frikort, kan du krevje honorartakst. Gyldig dokumentasjon får du gjennom
- elektronisk spørjeteneste
- framvising av frikort frå pasienten
Du må krevje eigendelar i tråd med fastsette takstar og rapportere eigendelen til Helfo.
Vedtak om frikort vert fatta så snart rapportert beløp har overstige beløpsgrensa for frikort. Det kan likevel ta om lag ei veke frå eigendelane vert rapportert til pasienten får refundert overskytande beløp.